![]() Rekordfiske i fjellet
Trass i at sommaren 2009 var av det heller regnfulle og sure slaget var det likevel god interesse for fjellfiske. Fangstrekord vart det også. 2148 kilo fjellaure vart rapportert inn til Aurland fjellstyre etter fiskesesongen 2009. Det er garnfisket som dominerer i Aurland. 1852 garn vart sett ut med 5100 fiskar som resultat. Samla vekt frå garnfisket enda på knappe 2,1 tonn fisk. Det er rekordfangst, men det må nemnast at fjorårsprosjektet med målretta tynningsfiske i nokre utvalde vatn heva det samla fangsresultatet. – Trekkjer ein i frå dette var fangsten meir på det jamne, seier dagleg leiar i Aurland fjellstyre, Harald Skjerdal. Tyngda av tynningsfisket vart utført i Katlamagasinet og Vesterdalsmagasinet, og gav høvesvis 121 og 127 kilo fisk. 1,8 kilo Nyhellermagasinet er det største matfatet, og det vatnet der det utan konkurranse vert sett ut flest garn. I fjor vart 820 garn sett ut i det store kraftmagasinet. Dette gav ein fangst 2347 fiskar, med ei samla vekt på 1075 kilo. I Nyhelleren vart også største fisken teken. 1,8 kilo er ikkje småtteri når ein snakkar om fjellaure. I tillegg til Nyhellermagasinet syner årsmeldinga til Aurland fjellstyre at det også vert fiska relativt mykje og bra i Svartevatn og Adamsvatn/Langavatn. Det er ein trend at det vert fiska mest i vatn som er lette å kome til, men det er også eksempel på dei som tek beina fatt får gode fangstar. I Holmavatnet gav 68 garn 70 kilo fisk, og i Hedlenutvatnet gav 23 garn eit utbyte på 42 kilo fisk. Det var berre to registrerte garnfiskarar som ikkje sende inn fangsrapport. Stongfiske er også populært kringom i den mange fjellvatna, men i motsetning til garnfiskarane er ikkje sportsfiskarane like flinke til å rapportere om fangstane sine. – Me ønskjer betre rapportering etter stong- og oterfisket. Fangsresultatet er nok mykje høgare enn dei 151 kiloane som er innmeldt til oss, seier Harald Skjerdal. Dei to største fiskane tekne på stong i fjor vog 1,5 kilo, og vart fanga i Kreklevatn og Nyhellermagasinet. Lukk vindu (Close window) |